Kvar gruppe skal lage ein stop motion film med eigenlaga figurar og landskap som skal lastast opp på youtube og visast for klassen.
Før gruppa kan byrje å lage figurar eller landskap må dei ha levert inn eit storyboard og fått det godkjend av læraren.
Figurane skal ha plasterlina og ståltråd som ein base, men ein kan også bruke papir, papp, stoff og meir. Dei kan ikkje være høgare enn 15 cm, og helst
ikkje breiare eller lengre, spør læraren om du er usikker på storleiken på figuren din.
Landskapet kan lagast på mange ulike måter og i mange ulike materialer men alle får ei treplate med isopor til å bruke som base.
Når figurar og landskap er godkjend kan gruppa byrje med sjølve stop motion filmen. Filmen skal vere maks 1.30 minutter lang med eventuell lyd eller tekst.
Filmen skal settast saman i windows movie maker.

Tilbake til navigasjon.